Havforskingsinstituttet (HI) i Bergen treng levelege lokale. Saka har ei brei tverrpolitisk støtte. Årsaka til den kraftige mobiliseringa, ligg i den kritisk viktige rolla som HI har hatt for næringsliv, kystsamfunn og for landet over meir enn hundre år.

Med utfordringane som står for døra, vil denne rolla berre bli viktigare. Det heng ikkje i hop med forholda HI har i dag, og endå mindre med den manglande satsinga som ligg i forslaget til statsbudsjett for 2023.

Fylkesordførar Jon Askepland (Sp) er ein av dei som har signert dette innlegget. Foto: Joar Vatlestad

Regjeringa tek sikte på at fastlandseksporten skal aukast med 50 prosent innan 2030, og ein vesentleg del av denne skal komme frå sjømat. Det krev at kanskje verdas fremste havforskingsmiljø får lokale til å gjere jobben sin. Om dette ikkje blir retta opp i, vil det gå rett på botnlinja, for næringslivet og for AS Norge.

Norge si satsing på havforsking har gjeve enorm avkasting over generasjonar. Sjå berre til dagens berekraftige fiskeri- og havbruksnæring. No ber vi for at HI får lov til å fortsetje arbeidet sitt på ein måte som gir maksimal samfunnsverdi. Det kan dei ikkje, om det ikkje skjer noko med dagens kritisk dårlege bygningsmasse.

Norges marine forvaltning er ei suksesshistorie, om vi samanliknar ho med resten av verda. Her har vi greidd å etablere ei forvalting med biologi og næring i balanse, og det sentrale elementet i denne forvaltinga er HI.

Dette er Norges største miljø for havforsking, med ei rolle som berre blir viktigare i ei tid med auka temperaturar, med overfiske, forsøpling og forureining. I dag er HI spreidd på sju ulike adresser i Bergen, og mange av desse lokala er dårleg tilpassa dagens aktivitet, for ikkje å snakke om dei krevjande utfordringane som vi veit er rett om hjørnet.

Det gir allereie i dag flaskehalsar som rammar næringsskapinga og forskinga. Slik kan vi rett og slett ikkje ha det.

I april 2023 stemner Statsraad Lehmkuhl inn att på Vågen etter jordomseglinga One Ocean Expedition, som han la ut på i august 2021. Det markerer starten på den store havkonferansen One Ocean Week, med deltakarar frå heile verda: Havforskarar, forvaltarar, politikarar og administratorar, og aktørar med fokus på berekraftig verdiskaping, kunnskap og forsking knytt til havet.

Marit Warncke i Bergen Næringsråd. Foto: Bergens Næringsråd

Dei kjem til Bergen. Kvifor? Jo; fordi Bergen er sjølve havbyen. Innovasjon, forsking og eit verdsleiande kompetansemiljø står samla med ambisjonar om å gå i spissen for å etablere den berekraftige forvaltinga som verdshava treng. Og då treng me Havforskingsinstituttet meir enn nokon gong.

På vegner av Bergen og Vestland, inklusiv alle i regionen som ivrar for å ruste Havforskingsinstituttet for utfordringane i morgon, vil vi derfor gjerne invitere dykk til å besøke Havforskingsinstituttet, og å vere med på å drøfte dei store utfordringane vi må løyse for å skape framtidas arbeidsplassar og verdiskaping på ein god og berekraftig måte.

Jon Askeland (Sp), fylkesordførar, Vestland

Rune Bakervik (Ap), byrådsleiar, Bergen

Margareth Hagen, rektor Universitetet i Bergen

Gunnar Yttri, rektor Høgskulen på Vestlandet

Marit Warncke, administrerande direktør Bergen Næringsråd

Siv Remøy Vangen, dagleg leder Maritime Bergen

Espen Børhaug, Næringsalliansen Vestland

Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestlandet

Roger Pilskog, regionleder LO Vestland