Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentens holdning.

I eit innlegg i Kystens Næringsliv 4. mai skriv direktør i Hafslund Eco Vannkraft, Kristin Lian, at kjernekraft er ei avsporing i dagens energidebatt. Hovudsakeleg ettersom kjernekraftverk ikkje kan stå klar innan få år.

Argumentasjonen er nytta før, bearbeida og i ny drakt, men framleis merkeleg. Med dagens tempo for utbygging av andre reine energiformer, kan heller ikkje disse ventast i tide til å oppfylle Noregs 2030-mål for utsleppsreduksjonar, som NVE tydeleg påpeiker i sitt høyringssvar til Energikommisjonen.

Vi i Norsk Kjernekraft er samd i at kjernekraft i Noreg er noko som må utgreiast ordentleg. Eventuelle vertskommunar må også sjølv bestemme kva energiform som er aktuelt for dei. Kjernekraft i ein kommune bringer med seg både fordelar og ulemper akkurat som vasskraft, men også forpliktingar. Desse verka vil vi planlegge med eit hundreårsperspektiv, og dei tar meir enn berre nokre få år å få på plass.

Vi har fått nyhetsbrev!
Redaksjonssjef Stig Erik Elliott oppdaterer deg ukentlig på det viktigste som skjer i maritim industri og leverandørnæring.

Men det er likevel vanskeleg å sjå kvifor dette gjer kjernekraft til ei avsporing. For kritisk infrastruktur, som energiproduksjon er, må nettopp vurderast nøye og ha ei varigheit over generasjonar. På same måte som vegar, tunnelar og sjukehus.

Noregs energikatedralar, vasskrafta, var heller ikkje meint å tene lokalsamfunna berre nokre få år, men fleire generasjonar. Det tok tid å få desse på plass.

Om ein set opp eit vasskraftverk eller kjernekraftverk i dag, vil mine oldebarn eller til og med mine tippoldebarn kunne ha disse som sin arbeidsstad heile deira liv. Det er dette perspektivet ein lyt ha, og som vart nytta når ein bygde vasskraftverka i si tid, som vi og Kristin Lian i dag nyt godt av.

Samstundes er det funksjonen til det som oppførast som må være sentralt i energidebatten, altså rein og påliteleg energi utan for store naturinngrep. Ikkje namnet på teknologien, som diverre kan sjå ut til å distrahere. Men alternativet til kjernekraft, som nettopp kan levere rein og påliteleg energi tilnærma sjølvstendig, er ikkje vind- eller solkraft.

Alternativet til kjernekraft er ei blanding av vindkraft, solkraft, oppgradering av vasskraft, eit svært omfattande nett, batteri og hydrogenkraft. Det er rett og slett ekstremt komplisert. I land som har kome svært langt i utbygging av solkraft og vindkraft, er det diverre i all hovudsak gass- og kolkraft som nyttast i bakhand.

I følgje det internasjonale energibyrået, trengs også ei auke i gruveverksemd som verda aldri før har sett maken til, sidan ein treng hundretals gongar meir maskineri for kvar energieining ein får ut samanlikna med kjernekraft. Globalt trengs det i snitt 16 år til opning av ei gruve. I vesten enda lengre.

Om vi hadde hatt nokre hundre år på oss til å kutte klimagassutslepp, kunne dette vert akseptabelt, men ikkje om vi kunn har nokre tiår.

Det som beskrivast som alternativa til kjernekraft er altså heller ikkje noko ein kan vente skal stå klart innan få år. Diverre, meiner vi, sidan vi fult ut støttar meir fornybar energiproduksjon også, særleg vasskraft som har vore grunnsteinen i norsk industri og lokalsamfunn i meir enn hundre år.

Det som i staden kan være ei uheldig avsporing er avskriving av gode alternativ før dei i det heile teke er utgreia skikkeleg, i tråd med norsk lovverk og i samarbeid med vertskommunane.

Og i staden for å peike på reine energikjelder som avsporingar, bør vi heller støtte kvarandre. Både i debatt, men også i funksjon. Med kjernekraft kan ein eksempelvis balansere vind- og solkraft, i tillegg til at vasskrafta i større grad kan frigjerast til å gjere det same. Kjernekraft kan altså gjere Noregs havvindplanar moglege i staden for umoglege.

Diverre er det slik at ting tar tid om det skal gjerast skikkeleg. Dette gjeld det meste, men særleg kritisk infrastruktur. Fleire og fleire meiner våre nasjonale mål om utsleppskutt for 2030 verkar mindre og mindre realistiske for kvart år som går. Men sjølv om vi skulle bomme på 2030-måla er det ingen grunn til at vi ikkje skal klare 2050-måla.

Vi sit i same båt, Kristin. No må vi også ro same veg.