Utsetjing av fartøyskrav skaper uvisse for bransjen

Det meiner bransjeorganisasjonen Maritime CleanTech. Dei krev langsiktige regelverk.

Utsetjing av fartøyskrav skaper uvisse for bransjen
Illustrasjonsfoto: Ketil Svendsen
Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for skribentenes holdning.

For å skapa ei berekraftig havbruksnæring for framtida er det naudsynt å redusera og etter kvart fjerna klimagassutsleppa frå dei maritime operasjonane.

Låg- og nullutsleppskrav til fartøy i næringa vil bidra til å redusera utsleppa i tråd med norske klimamål, og samtidig stimulera til teknologiutvikling i norsk maritim næring med stort eksportpotensial.

Utsetjing har skapt usikkerheit

Klimakrav til havbruksflåten har vore varsla lenge. I 2021 sa Solberg-regjeringa at slike krav skulle innførast trinnvis frå 2024. Dette vart blant anna gjenteke i Støre-regjeringas klima plan for 2024.

I havbruksmeldinga seier regjeringa at ho planlegg å fastsetja strengare klimakrav i løpet av 2025, men utan å gi nokon fleire detaljar.

Løysingar som blir utvikla her, har stort eksportpotensial

Det har skapt usikkerheit i næringa at krava har blitt utsett og utsett. Samtidig har det forseinka klimaomstillinga. No er det viktig at krava blir utforma og fastsett for å skapa føreseielege vilkår for den omstillinga næringa skal gjennom. Regelverket bør vera langsiktig, ambisiøst, og gi fleksibilitet i val av teknologiske løysingar.

Store utslepp, stort potensial

Meldinga viser til at samla klimagassutslepp frå fartøy i akvakulturnæringa truleg er på rundt 450 000 tonn CO2. Rundt 200 000 tonn fordeler seg på utslepp frå arbeidsfartøy og mindre båtar; resten kan knytast til større skip som brønnbåtar og bløggebåtar.

Sjøfartsdirektoratet ventar at klimagassutsleppa vil auka, og at utsleppa kan bli nesten dobbelt så høge i 2050 i fråvær av reguleringar. Dette understrekar behovet for omstilling.

Den norske maritime klynga er i verdstoppen når det gjeld maritim klimateknologi. Løysingar som blir utvikla her, har stort eksportpotensial når skipsfarten internasjonalt skal omstillast i tråd med klimamåla til EU og IMO.

Tilpassa klimakrav til havbrukslåten og andre fartøyflåtar, kan skapa ein solid heimemarknad som posisjonerer den norske maritime industrien for å ta ein stor del av den globale marknaden framover.

Kombinert med andre verkemiddel som differansekontraktar eller ei negativ CO2-avgift for bruk av utsleppsfrie drivstoff vil dette bidra til å skapa føreseielege vilkår for ei naudsynt klimaomstilling i norsk industri og maritim næring.

Fleire løysingar nærmar seg marknaden

For arbeidsfartøy og andre mindre båtar vil batterielektriske løysingar i mange tilfelle vera aktuelle. Slike løysingar er i stor grad marknadsklare. Batteribyte-teknologi er på veg til marknaden og kan avlasta behovet for hurtiglading.

For større fartøy, eller i område der det manglar nettkapasitet, kan nye drivstoff som hydrogen eller ammoniakk vera aktuelle. Hydrogen-elektriske løysingar er i dag demonstrerte blant anna for ferjer og elvefrakt.

Ammoniakkløysingar er under utvikling både for offshorefartøy, brønnbåtar og lastefartøy.

Fleire anlegg for produksjon av grønt hydrogen og ammoniakk langs kysten er allereie i gang eller har kome langt i planlegginga. Teknologi- og verdikjedeutviklinga tilseier dermed at det realistisk å fasa inn låg- og nullutsleppskrav, først for dei mindre fartøya og etter kvart for større fartøy.

Viktig for berekraft

Som ein bonus vil slike krav også bidra til å redusera støyforureininga frå konvensjonelle fartøy, som forskarar peikar på som ein mogleg stressfaktor for fisken.

Utsleppsfrie framdriftsløysingar med batteri og/eller brenselceller er tilnærma støyfrie og vil dermed bidra til betre dyrevelferd og arbeidsforhold i næringa. Også for forbrenningsmotorar utviklar næringa energisparande løysingar som kan redusera både utslepp og støy.

Utsleppskrav bør difor vera med når Stortinget no skal følgja opp havbruksmeldinga og utforma ein berekraftig havbrukspolitikk for framtida.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening. Send ditt innlegg til redaksjonen@kystens.no
Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.
(Vilkår)
Publisert 27. May 2025, kl. 09.13Oppdatert 27. May 2025, kl. 09.22
KlimaOppdrettGrønn energiGrønn omstilling