Kva skal ein 17. mai-talar snakke om?

I anledning 17. mai, har vi henta fram igjen talen til legendariske Helge Arild «-bols» Bolstad.

Helge Arild Bolstad,
Helge Arild Bolstad,Foto: Privat

Helge Arild Bolstad, eller «-bols» som han sjølv signerte med, vart namngjeten som redaktør i Dag og tid, og jobba heile 21 år i vår søsterutgjeving Fiskaren – i dag Fiskeribladet – fram til 2008.

Han hadde ein unik penn, og rørte mange hjarte på Vestlandet då han skreiv «Ein liten 17. mai-tale» til asylguten Nathan, som Noreg ville kaste ut, sa noverande redaktør Øystein Hage då Bolstad gjekk bort i 2015, 69 år gamal.

Mange vil nok hugse Nathan Eshete, som i 2012 var sju år gamal. Eshete er født i Noreg, med etiopiske foreldre, og i 2012 fekk dei endeleg avslag på asylsøknad. Det var store protestar i befolkninga for at Eshete skulle få bli i Noreg – og det enda med at han fekk bli.

I anledning 17. mai i dag, har vi henta fram frå arkivet talen Bolstad skreiv om saka.

Bolstads tale

Liten 17. mai-tale
Nathan (7) skal transporterast ut or Bergen og Norge 16. mai. Vedtaket gjer det ikkje nett lett å vere 17. mai-talar dette året.
For kva skal talaren snakka om?
Han/ho kan ikkje godt snakka om dagen som «alle barna sin festdag».
Talaren kan heller ikkje godt snakka om alle dei menneskerettar som framsynte fedre gav oss i ei grunnlov på Eidsvold, eller om Henrik Wergeland som kjempa for at eit utstøytt folk, jødane, skulle få tilgjenge til riket.
Han/ho kan ikkje lenger med same patos sitere Arnulf Øverland og maninga «Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv».
Bjørnson og Nansen sin innsats for andre folk og land i større naud enn vårt, kan heller ikkje vere tema den dagen ein sjuåring frå Bergen landar til ny naud i eit framandt land for han.
Motstandskampen under krigen kan heller ikkje omsnakkast den dagen far til vesle Nathan kan forsvinne i natt og tåke i det landet han flykta frå i redsle for sitt liv.
Å snakke om den norske innsatsen i FN, vert også ein risikosport så lenge nokon kan finne på å spørje kvifor vi då bryt dei konvensjonar dette verdssamfunnet har vedteke.
Nei, det lyt bli bjørka i år; ein tale til bjørka.
Men denne deler me med svenskane, det er i Sverige «bjørkorna susar». Så det blir jo ein litt flau tale, det òg.
Men ikkje på langt nær så flaut som ein tale om norske verdiar.

-bols, 5. mai 2012

(Copyright)
Publisert 17. May 2024, kl. 03.01Oppdatert 17. May 2024, kl. 03.01