Debatt

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens meninger og holdninger. Har du noe på hjertet? Send et leserinnlegg til Kystens Næringsliv.

Det finst nemleg gode argument for prosjektet som kostar omtrent som ei stortingsgarasje. Ein forskjell er verdiskapinga tunnelen gir som i neste omgang kan finansiere ei regjeringsgarasje. Eller eit sjukehus.

SV ynskjer i sitt alternative budsjett å styrke satsinga på «gods frå veg til sjø» med 10 millionar. Samtidig fjernar dei det einaste fysiske tiltaket statsbudsjettet har. Stad skipstunnel vil gje meir føreseieleg skipstrafikk, kutte utslepp ved at skip går i lettare sjø og styrke grunnlaget for elektrisk framdrift på havstykket. Ynskjer ein å styrke havet som riksveg for gods så er 76 millionar i 2023 til tunnelen eit godt tiltak.

Tek eg feil må gjerne Oslo-pressa, og vestlandets storavis BT, fortelje meg det motsette

I Kinn kommune har vi på oppdrag frå Kystverket sett i gong reguleringsarbeid for å ta imot steinmassar frå tunnelen. Kommune og næringsliv brukar i dag 30-40 millionar på 11 reguleringsplanar. Stad og Vanylven kommunar har i tillegg sine. Steinmassane vil berre i området Raudeberg skape mellom 150-250 nye arbeidsplassar, særleg innan sjømatnæringa. Fekk vi like mykje ut av steinmassane frå Stortingsgarasjen?

Eg tvilar. Tek eg feil må gjerne Oslo-pressa, og vestlandets storavis BT, fortelje meg det motsette.

Eg kunne skrive langt om tryggleik til sjøs, reiselivspotensialet, reiselivsinnovasjon, hotellplanane i Måløy og Selje, optimismen, investeringsplanane reiselivsbedrifter har saman med eksisterande næringsliv, utsleppskutt, utvikling av nytt bu- og arbeidsområde eller korleis Stad skipstunnel kan bidra til å nå dei fem måla for eit effektivt, miljøvenleg og trygt transportsystem i 2050, dersom de vil høyre. Eg kunne fortelje om kvifor Kystrederiene, Bellona, NHO, LO og ei rekke andre meiner dette er eit viktig prosjekt, dersom de vil høyre.

Verdiane som blir skapt langs kysten er grunnen til velferden vi har. Om vi bygger infrastruktur og effektiv transport så kan vi skape meir velferd. Stad skipstunnel skapar nye inntekter til landet og eit hundretals arbeidsplassar til kostnaden av ei garasje. Difor Stad skipstunnel.

Ola Teigen (Ap), ordførar i Kinn kommune